FIL Open 2021

Søndag 24. oktober gjekk årets happening av på Lømyra Stadion. Klubbmeisterskapet i diskgolf, FIL Open, gjekk av stabelen med 15 håpefulle deltakarar

FIL Open 2021

FIL Open 2021

3 runder a 12 hull skulle gjennomførast før sigerherrane kunne kåra. Moder jord valgte å legge til ei ekstra utfordring med nordavind frå alle kantar og vindstyrke som veksla mellom sval bris til liten orkan.


Det var tett og tøft i teten frå start til slutt og det heile var ikkje avgjort før siste disk satt i kjettingen. For tredje år på rad gjekk Frank Tangen av med sigeren og kunne innkassere vandrepokalen til odel og eige. Kristian Rørstadtok andreplassen medan Mikael Ahlberg og Trond Knutsen tok henhaldsvis 3. og 4. plassen.


I junior klassa var Harald Ekroll Kvalsund uslåelig og kunne surfe inn sigeren i samtlege runder.
Vel blåst arrangement, bokstaveleg talt 😊

deltakarar_fil_open_2021