Då var årets store klubbhending over for denne gong. Diskgolfstyret hadde nok ein gong ordna med godt vêr slik det som seg hør og bør på ein festdag som dette. Alt låg med andre ord til rette for ein perfekt konkurransedag.
46 spelarar hadde møtt opp til start i den berykta Blå bane på Lømyra Diskgolfpark. At det kom til å verte ein tøff konkurranse var ingen i tvil om. Ikkje nok med at bana i seg sjølv er teknisk utfordrande men vinden skrudde opp vanskeligheitsgrada eit par knepp til. Tala etter siste disk var satt sei sitt om akkurat dette:
I årets Sharks Open kunne vi skilte med 3 klassar, Open, Amatør og Junior.
I Open kunne Knut Håland endeleg hale i land ein etterlengta siger. Kristian Rørstad innkasserte andreplassen medan Frank Tangen enda på tredje.
I Amatør vann Preben Engeset foran Jørgen Skarpnes og Vegard Aakernes Urke som delte andreplassen.
I Juniorklassa gjekk Leander Jensen til topps med Emil Aarseth og Storm Hjelmeset på dei neste plassane.
Men sidan Sharks Open er eit klubbmeisterskap ser den viktige pallen slik ut:
Open:
1: Kristian Rørstad
2: Frank Tangen
3: Brede Jensen
Amatør:
1: Jørgen Skarpnes
2: Blake Sands
3: Øyvind Eikrem
Junior:
1: Storm Hjelmeset
Vinnarane av Klubbmeisterskapet, Jørgen Skarpnes og Kristian Rørstad med Storm Hjelmeseth foran.
Styret i diskgolfgruppa vil takke alle som møtte opp og ikkje minst våre sponsorar Conta, Obs og Tiga!