Dagleg leiar for Sula Sportsklubb i fritt fall!!

Laurdag 25. mai sto 59 spelarer klare til dyst i eit knakande flott vèr på Lømyra diskgolfpark. At dei skulle få oppleve å sjå dalgel leiar i Sula Sportsklubb i fritt fall var ingen forbredt på!

Sunnmørstour 2024

Dagleg leiar for Sula Sportsklubb i fritt fall!!

Ein skal leite lenge etter betre dagar å ha ein konkurranse ute på enn det Lømyra diskgolfpark varta opp med i dag. Heldig vis låg skodda sopass lenge at arrangøren fekk rigga opp møteplassen utan å måtte stå i solsteika.  

59 blide karar kunne rusle seg ut i vakker natur, og akkurat som bestilt, braut sola gjennom skodda i det dei forlot stadion. 59 målbevisste spelarar klar for eit tøft møte med ei av dei mest teknisk krevjande banene i fylket.

Første runde vart akkurat som forventa. Lømyra gir og Lømyra tar. God og fornuftig kasting vert premiert medan slurv og ufokusert kasting vart straffa knallhardt. Ikkje i dag heller var det mogleg å kaste gjennom tre og det fekk enkelte verkeleg smake på. Brede Jensen derimot leverte turneringa sin einaste ace med eit vakkert kast på hull 5. Om ein går forbi skulen so kan ein enno høyre jubelropet runge i veggane rundt uteplassen. I fylje Brede sjølv var det eit nøye planlagt kast som traff akkurat den grastusten den skulle for so å skifte retning å gå i korg. «Koffor gjøre det ænkelt når æ kan gjøre det spetakulært» var kommentaren fra Jensen.

Etter endt runde var det tett både i topp og botn i dei 4 ulike klassane for dagen. Alt låg til rette for ei spanande andre runde. Og har ein kasta på Lømyra veit ein at vegen mellom himmel og h... kan vere kort og nådeslaus.

 

Heldigvis hadde masterchef Henning Bottenvik teke på seg forkledet og diska opp med grillmat i Michelin-klasse i pausa. Alle dårlege kast vart nesten gløymde der ein kunne sitje i sola medan ein naut nygrilla pølse og ei kald brus.

 

Andre runde sto for tur og her var delte mål for dei som no gjorde seg klar. Enkelte sikta seg inn på siger, nokre på «berre eg slår kompisen» eller «berre eg gjer det betre enn runde 1» og sjølvsagt var det dei som «skal i allefall ikkje komme sist». Lømyra gir og Lømyra tar var også i andre runde godt representert. Ein kunne høyre alt frå jubelrop, tilbeding av høgare makter og reine frustrasjons rop. Alt som det seg hør å bør i ein slik konkurranse.

For fyste gong i Sula diskgolf si historie kunne ein og skilte med at Sula Sportsklubb sin daglege leiar var med som deltakar. Grimstad fekk definitivt kjenne Lømyra si vrede i andre runde og kunne til slutt hente heim prisen for «Fritt fall». «Dette skal ikkje nemnast i nokon form for sosiale media berre so det er sagt», tordna Grimstad etter å ha motteke prisen. Dermed so respektera redaksjonen det 😊

 

Du kan sjå resultatet frå touren https://discgolfmetrix.com/2833217

 

Open:

Frank Tangen på fyste(midten), Sølve André Hatlen(tv) på andre og Jostein Håland(th) på tredje.

 

Mix amatør 3:

Mats Andersen på fyste(midten), Matias Pettersen(tv) og Vegard Bardalen(th) på delt andreplass.

 

Mix amatør 4:

Krystian Slaski på fyste(midten), Knut Inge Drabløs(tv) og Espen André Lade(th) på delt andreplass.

 

Junior:

Sondre Pettersen(th) på fyste, Lars Håland(midten) på andre og Joel Hatlen(tv) på tredjeplass.