Mellombels tee-skilt er satt opp, der er nokre våte parti men vi jobbar med finpussen av bana i desse dagar.
Det er med stoltheit vi no opnar opp Blå bane på Lømyra. Bana startar ved kunstgrasbana på Lømyra og jobbar seg oppover mot skulen for so å kveile seg ned att mot stadion. Blå bane er ei langt meir krevjande bane med ein god del utfordrande hol. Her vil ein finne korte tekniske hol, lange smale fairways, åltronge skogsfairways, tøffe doglegs og ekle OB’ar. Dette er ei bane der ein verkeleg får trena på dei ulike aspekta ein vil kunne møte på om ein vil bli ein god diskgolfar.
Utkast på asfalt i svingen ved ballbingen. OB-pinnar er satt opp og vil muligens bli justert litt.
Utkastet(ikkje markert enno) er ved lyktestolpen rett over korga til 10/12. Mando på furua lengst opp før dogleg.
Nydeleg tee oppe på toppen av knausen. Trippelmando over vegen rett foran tee. Trippelmando på furuane foran tee. OB på veg, sti og på fairway B12, ikkje merka pr i dag
Mando på furu til venstre. OB over steinmur mot fairway B6.
Tee på asfalt ved enden av gjerdet, ikkje merka enno. OB over steinmur mot fairway B6. Ver obs på korg står nær OB.
Nydelig tee ved vatnet! OB i vatnet, over steinmur mot fairway B4 og B5 samt stien bak korg.
Tight fairway. OB i fairway B8 samt på og til høgre for sti.
OB i vatnet og fairway B7
Tee ved vatnet. En god del høgdemeter som skal forserast. OB fairway B10 samt bak korg(ikkje merka enno men ca 10 meter bak)
OB vatnet og ca 5 meter bak korg
OB fairway B12.
OB til venstre og på sti samt fairway B3 og B13. Korg satt opp på midlertidig plassering.
OB fairway 12 og i elv.
Dagens hol 11. Sti fra B13 opp mot gangvegen og bort til tee. Delvis opptrakka.
Dagens hol 12. Mando mellom dei to store trea ved dogleg.