Rød bane er ei bane med enkelt til middels vanskelegheitsgrad og passar perfekt for nybyrjarar som har lyst å kaste disk
Bana har 9 hol konsentrert rundt klubbhuset på Lømyra. Rød bane er ei bane med enkelt til middels vanskelegheitsgrad og passar perfekt for nybyrjarar som har lyst å kaste disk. Hola er bygd slik at ein skal lett kjenne mestring men likevel ha enkelte element som er litt vanskelegare. På Rød bane har tee-skilta forklarande tekst som gjer at ein vert kjend med viktige omgrep innan diskgolfen.
Dobbel mando. Kast må mellom pilane. Ved bom, kast fra tee med eit straffekast.
Ingen mando eller OB. Vær obs på at korg er forhøyet og at tømmerstokkane under kan vere glatt å stå på.
Mando til høgre. Ved bom, kast frå drop (DZ) med eit straffekast.
Mando, kast til høgre for pil. Ved bom, kast fra DZ med eit straffekast.
Høgdemando. Ved bom, kast fra DZ med eit straffekast.
Ingen mando eller OB. Ver oppmerksom på turgåarar langs vegen spesielt dei som kjem frå høgre bak garasjen.
Tee plassert på stien. OB i grøft til høgre for korg og på vegen til venstre
Ingen mando eller OB. Ver oppmerksom på turgåarar langs vegen.
OB på veg.